søndag 26. mai 2019

23/5-19: Forteljardyst


Det vart ein ubetinga suksess for fyrste utgåve av Hordaland Teater si nye satsing på folkeleg forteljarkunst. Torsdag 23. mai (2019) var seks historieforteljarar inviterte til å framføra kvar si åtte minutt lange historie. Tre av dei fekk fortelja i tre minutt til. Og «Hilde» vart kåra som vinnar.

("Hilde" vann - "Alf " måtte sjå seg slått - Christine Hope delte ut fyrstepremien, eit innramma bilete av Ivar Aasen...)

Hordaland Teater hadde i forkant skrive at «Forteljardyst er ein konkurranse der vanlege folk i alle aldrar knivar om å levere den beste historia» og at arrangementet er «eit ynskje om å hylle dei gode kvardagsforteljingane.» Konseptet er ein kopi av Storyslam , som har halde på noko tid på Kulturhuset i Oslo. Der har dei igjen kopiert det frå Stockholm, og der kjem det frå USA. 

Personleg hadde eg motførestillingar til konseptet i forkant. Eg tenkte at forteljingar er noko ein delar – ikkje noko ein konkurrerar om. Eg meinte også det har utvikla seg ein litt smal kultur rundt Storyslam, der det dominerande formatet er personlege – gjerne litt pinlege – forteljingar frå det private rom. Sjølv om mange meiner at dette fenomenet er ein motstraum til dei fragmenterte forteljingane om perfekte fasader som har blitt dominerande i sosiale media.

Krigspølser, samtalar med døde - og underliv
Og etterpå? Det skal eg straks koma attende til. Men fyrst nokre glimt får kvelden slik han utvikla seg. Det vart fullt hus i Logen Bar. For meg var det ei stadfesting alt før programmet starta, på at munnlege forteljingar har publikumsappell.

Christine Hope opna, gjennomførte og avslutta arrangementet som – kva heiter det? Los? I alle fall gjorde ho det framifrå, og slik at ho heilt frå start drog salen saman til stort vi. Ho gjorde «dysten« til ein leik, og sette opp ein virtuell scenografi der det nettopp var forteljingane som var det sentrale, ikkje konkurransen. 
Dramaturgien vart forbløffande – trass i at han blei til ved loddtrekking. I alle fall så langt det gjaldt rekkefylgja av forteljingar.

82 år gamle "Alf" starta. (Alle blei berre presenterte med fornamn). Ein kjuagut frå Sandviken som stal poteter og pølser frå tyske okkupasjonssoldatar frå han var tre til han var åtte år gamal. Hans åtte minutt var ute medan han firsplang utover Bontelabo med fast grep om ei einsleg pølse – og alle dei andre i kveilen hengande etter etter seg som ein lang og lett synleg hale mellom sjøbuene.

Neste mann ut var den atskillig yngre ?? som fortalde om urinvegsinfeksjon og bilkø og ein busssjåfør som nekta å opne døra for pissetrengte: «Dette er ein flybuss – den stoppar ikkje før Gardermoen!»

Den neste var Geir, som hadde bestemt seg for å stå fram som den han var. Det var ikkje det vanlege skapet han kom ut av. Hans store løyndom var at han snakkar med døde. Dei kan koma til han – på ei badestrand, for eksempel, for å formidla ei melding til ukjende folk i nærleiken: »Det står ein mann her med flammetatoveringar på høgre arm – han vil så gjerne takka deg for noko….»

Finn frå Telemark fortalde ei pinleg rekke av hendingar som fylgde av at han bekymra seg for testiklane sine. Konklusjonen som han trekte til slutt, den unge lækjaren som ikkje fann noko gale i det heile tatt, var kan hende endå meir pinleg enn sjølve undersøkinga.

Så tok Hilde salen med storm med ei velregissert og innhaldsrik forteljing om sommarferien saman med den irriterande veslesystera si, og jentefotballen i Oslo - og eit val som fukta augekrokane, i alle fall hos meg, då det sto mellom å forsvara veslesystera eller å få ein plass på laget. «Du kan få sitja på vindaugsplass heile vegen heim!» kvitterte den takksame veslesystera.

Og så Trond frå Sogndal, som tok oss med i leigebil og til høljeregn og gjørmebad på festival på pampas i Argentina.

Moro!
Det var moro. Lettrørde folk (som meg) måtte fram med servietten fleire gonger, men slik skal det jo vera når forteljargleda boblar. 

«Dette skal vera feelgood – eller gromkjenslesamt, som me seier i Hordaland Teater!» sa Christine Hope. Og slik var det.

Variasjonen i seg sjølv var ein stor verdi. Ein demonstrasjon av mangfald - og samtidig av kor godt me alle kjenner att både blærepresset i ein stilleståande buss, dilemmaet mellom ei irriterande veslesyster og ein plass på laget  – for ikkje å snakka om sjokket over å oppdaga at ein slange av tyske pølser viser kor ein rømmer…

Juryeringa var også uhøgtideleg og raus – som lova.  Tilfeldige folk rundt to av borda vart plukka ut til «folkejury», medan eit knippe proffar med festspeldiktar Marit Eikemo i spissen var «fagjuryen». På meg virka det som at forteljarane trivdest, både dei som fekk høge og ikkje fullt så høge poengsummar.

Forteljarkunst og kjeldesamling – enten eller?
Ein samtalepartnar spurde: «Når teateret har fokus på framføring, medan eit Senter for munnleg historie har fokus på arkivering – kva har dei då eigentleg noko å samarbeida om?»

Eg synest spørsmålet er godt. For min del gjer eg meg desse refleksjonane: 

For det fyrste trur eg at det som gjer arkiveringsspørsmålet så sentralt akkurat no, er at det ikkje finst noko arkiv for munnleg kjeldemateriale. Det finst i alle fall ikkje noko systematisk måte å ta vare på og dela eller tilgjengeleggjera det på.  Om tjue år kjem me til å le av at dette var til diskusjon, trur eg. Men i dag er spørsmålet om arkivering heilt sentralt. Derfor kan det lett overskygga andre gode grunnar til å etabelra eit Senter. 

Ein forfattar – som ein journalist eller ein historieforskar eller ein kurator – brukar menge munnlege kjelder i forkant av sitt skapande arbeid. Særleg viss verket skal handla om noko som faktisk finst, og/eller spegla korleis folk snakkear eller tenkjer om det. Ho eller han kan rekka nokre tital kjeldesamtalar i løpet av eit prosjekt. Så gøymer dei råstoffet i skrivebordskuffa si og gløymer dei. (Forskaren må i regelen øydelegga dei og, for noko anna vil vera brot på forskingsetikken).  

Viss me kan klara å få til ei kulturendring slik at det munnlege råstoffet blir arkivert - like sjølvsagt som som statistikkane eller skissene eller tekstutkasta eller til og med dei private breva som forfattaren skreiv i prosessen – vil me ikkje berre ha gitt framtidige litteraturforskarar betre kjeldegrunnlag. Me vil også kunne gi neste skapande arbeid eit tillegg av moglege kjelder. Og dess større og opnare arkivet blir, dess rikare blir kjeldegrunnlaget.

Dyrking av folkeleg forteljarkusnt?
Hos meg er det  heller ikkje tvil om at eit Senter for munnleg historie også bør dyrka forteljarkultur og -kunst. Kvar einaste gong folk møtest for å høyra på forteljingar,  kokar salen av forteljarglede straks det er ein pause. 

Det er jo det som er «forteljarkultur»: Ei fri forteljing løyser ut straumar av nye frå dei som høyrer på. Formidling og innsamlking er to sider av same sak.

Er det så ingenting att av min skepsis mot Storyslam-formatet?

For så vidt ikkje. Det tok Christine Hope ein kort maikveld å overtyda meg om at dette er ein god idé. Men på same tid fekk eg lyst til å dyrka vidare på andre format. Eg tenkjer då fyrst og fremst på «forteljarpanelet» som har fungert så bra, både på Bergen off. bibliotek, Kristiansand Folkebibliotek, Sjøfartsmuseet i Bergen og Tingvoll Museum. Dei har vore tematiske (for eksempel migrasjon, eksplosjonen på Vågen, gullalderen i sjøfarten, Tingvoll Ullvarefabrikk), innhaldsfokuserte, godt førebudde og prega av deling.
Eg trur "Forteljardyst" og "forteljarpanel" kan dyrkast ved sida av kvarandre, at dei kan utfylla og berika kvarandre. Viss me klarar å få den folkelege forteljarkulturen til å blomstra, vil det heilt sikkert også oppstå andre og kaanhende endå meir spennande format. 

Kan hende vil det også stimulera kunstproduksjonen?




 (Forteljarpanel på Bergens Sjøfartsmuseum i oktober 2017)

onsdag 15. mai 2019

15/5-19: Etikk, relevans og finansiering


Fordelen med å skriva refleksjonar framfor samtalereferat under forprosjekt Senter for munnleg historie, er at me heile tida kan tenkja framover. Samtalane kan vera reelt opne og uformelle, utan at me treng tenkja på kva som “kjem i protokollen”. Me kan ha idéutviklinga i fokus, i staden for finjusteringar av kven som sa kva i førre runde.
I dag vil eg reflektera om desse tre svært ulike men viktige stikkorda: Etikk, relevans og finansiering. 

Frå forteljarpanel om ekplosjonen på Vågen. Frå venstre: Åshild Lerøy, Nils Audun Vassenden, Ludvig Myrland, Bjørn Enes (samtaleleiar) Eli Eustice, Grethe Sangolt, Ellinor Johannesen og Ørnulf Aase. Foto: Memoar)

tirsdag 7. mai 2019

7/5-19: Stemmene frå Tingvoll


Tingvoll i Møre og Romsdal er i ferd med å innta rollen som eit “laboratorium” for korleis samarbeidet kan utviklast mellom eit Senter for munnleg historie og lokale miljø av profesjonelle og frivillige “minnesamlarar”. I dagane fredag 3. til sundag 5. mai gjennomførte Memoar og Tingvoll Museum eit intensivkurs, to fulle dagar med minneopptak og eit publikumsarrangement der primærkjelder fortalde om to viktige kvinnearbeidsplassar i bygda.


søndag 28. april 2019

Eit amerikansk senter for munnleg historie


Fredag 26. april møtte ti personar hos Spesialsamlingane, Universitetsbiblioteket i Bergen, for å høyra direktøren for det amerikanske Southern Oral History Program (SOHP.org), Rachel Seidman, fortelja om senteret og delta i diskusjon om kva eit framtidig Senter for munnleg historie i Bergen kan læra frå SOHP.

Rachel Seidman (Foto: B.Enes)

torsdag 11. april 2019

Det store arkivløftet

I dagane 8. og 9. april vart plassen nær sprengt på Oslo Kongresssenter. Det 8. norske arkivmøtet samla 650 deltakarar - arrangørane hadde håpa på omlag halvparten. Tilstrømminga er symptom på at det skjer og skal skje uvanleg mykje i arkivsektoren - og at det skjer fort. Me var der  for å fylgja med på kva som er eller kan bli relevant i arbeidet for eit senter for munnleg historie.

Audun Kjus frå Norsk etnologisk gransking lanserte ideen 

mandag 8. april 2019

Samtaleserie - frå påske til sommar

I perioden 23. april til omlag 20. juni vil prosjektleiar Bjørn Enes forsøka å gjennomføra ein serie samtalar om stikkordet "Senter for munnleg historie". Kva er det som gjer eit slikt stikkord interessant? Korleis kan det sjå ut? Kva nytte kan kvar samtalepartnar ha av det - og kva kan dei bidra med? Kva vil det kosta - og korleis kan det finansierast?

lørdag 16. mars 2019

Forprosjekt til Senter for munnleg historie

Som resultat av eit idémøte hos byråd Andersland den 31. januar 2019, vart Memoar oppmoda om å ta initiativ til eit forprosjekt som skal konkretisera eit forslag til eit tverrfagleg senter for munnleg historie i Bergen.
(Ideen om ein senter for munnleg historie vart presentert på Memoarkonferansen 1. og 2. mars 2019. Frå v: Knut Kjeldstadli, Marie Smith-Solbakken, Hans Jørgen Wallin Weihe, Maja Gudim Burheim, Bente Gullveig Alver, Odd Hemstrøm, Bjørn Enes og Malin Thor Tureby)

onsdag 6. mars 2019

Alt nå anar me to konturar

Den såkalla tenketanken som om nokre veker skal legga fram eit eller fleire gjennomtenkte forslag til et senter for munnleg historie i Bergen, kom saman for fyrste gong i går, tirsdag 5. mars. Etter to og ein halv times engasjert diskusjon gjekk me frå kvarandre med to vage bilete i hovudet.  Det eine likna mest på dette: 



tirsdag 5. mars 2019

Memoarkonferansen 2019

Fleire av foredragshaldarane under Memoarkonferansen 2019 kom inn på behovet for ei styrking av strukturane rundt munnleg historie og andre kulturhistoriske samlingar i Noreg. Fyrste innlegg på konferansen var professor Knut Kjeldstadli som utdjupa sine tankar om eit norsk Mnemotek - og siste innlegg var trioen Audun Kjus, Line Esborg og Bjørn Enes som leika seg med ein visjon om Mnemoteket i Bergen i året 2170:



onsdag 13. februar 2019

Utviklingsplan: Ei "Gembavandring"

Me i Memoar har tenkt litt og snudd og vendt litt på tidlegare erfaringar med idé- og prosjektutvikling, og endt opp med ei skisse basert på det japanarane kallar ei "Gemba-vandring". Det er omlag det same  som amerikanarane kallar "management by wandering around", bortsett frå at her handlar det ikkje om administrasjon, men om å tømra  ein laus idé om til eit konkret forslag. 
(Vandringsmann med stav. Adolph Tidemand)

tirsdag 5. februar 2019

6. feb 2019: Mykje blir til medan ein går. Ikkje berre vegen.

Sist veke, på torsdag 31. januar, sat 20 menneskje samla rundt kulturbyråden i Bergen, Julia Andersland.  Me har fått eit innspel, sa ho. Om at eit senter for munnleg historie kan vera fint å ha i Bergen.  Så vil me gjerne høyra meiningar om det?

Me hadde vel høgst ulike bilete oppi hovudet, alle me som sat der. Mitt var omlag som dette: Ei scene der det verkelege livet til såkalla "vanlege folk" kan koma til syne og bli tatt vare på i ein og same operasjon:

(Biletet er tjuvlånt frå nettsida til det såkalla verdsforumet i Haag)