torsdag 11. april 2019

Det store arkivløftet

I dagane 8. og 9. april vart plassen nær sprengt på Oslo Kongresssenter. Det 8. norske arkivmøtet samla 650 deltakarar - arrangørane hadde håpa på omlag halvparten. Tilstrømminga er symptom på at det skjer og skal skje uvanleg mykje i arkivsektoren - og at det skjer fort. Me var der  for å fylgja med på kva som er eller kan bli relevant i arbeidet for eit senter for munnleg historie.

Audun Kjus frå Norsk etnologisk gransking lanserte ideen 

Vår hovudkonklusjon er slik: “Det store arkivløftet” kan reknast som lansert - i begge tydingar av ordet. 

  • Løftet i tydinga skippertak: Fyrst og fremst det at Nasjonalbiblioteket sin digitaliseringsfabrikk i Mo i Rana vert styrka med 70 stillingar så  å seie over natta, og at dei skal ha sitt hovudfokus på audiovisuell kulturarv. Der iblandt munnleg historie. Det var kulturministeren  sjølv som løfta fram meldinga. Ho vr litt sår for at denne gladmeldinga hadde drukna i i mediefokuset på avviklinga av NRK-lisensen, for det er stillingane på lisenskontoret som no blir overført til "digitaliseringsfabrikken" i Mo i Rana. 
  • Løftet i tydinga lovnad: Både nasjonalbibliotekaren og Dietrich Schüller frå det internasjonale forbundet for lyd- og filmarkiv (IASA) sitt "Magnetic Tape Alert Projectpeika på den overhengande faren for nesten eit hundreår med audiovisuell kulturarv skal gå tapt. For sjølv om magnetband held i nokre år lenger, så er produksjon av teknisk utstyr for avspeling stoppa. Det som ikkje er digitalisert innan 2025 kjem til å gå tapt, trudde Schüller. Aslak Sira Myre kunne fortelja at Nasjonalbiblioteket gjennom lengre tid har kjøpt inn avspelingsutstyr og reservedeler slik at kapasiteten skal vera sikra noko lenger enn 2025. Men innan 10 år skal digitaliseringa i hovudsak vere gjennomført. 
Stor interesse for munnlege og audiovisuelle kjelder.
Det kunne nokre gonger virka som at heile det 8. arkivmøtet var ein konkurransearena mellom tre offentlege vesen om kven som var er lengst framme i digitaliseringsarbeidet. Bibliotrekvesenet, arkivvesenet og museumsvesenet. Særlig merka me oss Digitalarkivet.no og spennande løfter derifrå om gratis arkivplass i “Digitalpensjonatet”: 
“Ein gjest kan vere ein institusjon, ei foreining, ei gruppe personar som samarbeider eller ein enkeltperson. I dette rommet kan gjesten presentere seg sjølv med si eiga tekst og sin eigen logo, eller me i Digitalarkivet skriv ein passande tekst og set inn vår logo for Digitalpensjonatet. “
Sjølv om arkivarar flest enno er mest opptekne av det skrivne ord og det forgjengelege papir, som i verste fall blir deformert etter fire - fem hundre år, så merka me oss ei kraftig mykje større interesse enn tidlegare for det rørlege biletet og det talte ord. Bokarven er ferdig digitalisert - no er det den audiovisuelle arven sin tur. 

Innsamling av munnleg kjeldemateriale var tema for eit av mange parallellseminar. Der vart både Skeivt Arkiv, Arbeiderminneinnsamlinga, Samiske samlingar og Norsk etnologisk gransking sitt prosjekt Minner.no presentert.

Personvernombud Maren Magnus Voll frå UiO gjekk gjennom praktiseringa av tidligerare og noverande regelverk for personvern i samband med munnleg kjeldemateriale. . Kort opsummert så gjekk ho gjennom krava til ei god samtykkeerklæring og konkluderte med at når den er på plass er innsamling av munnleg kjeldemateriale både lovleg og etisk.

Citizen science - mobilisering av frivillige ressursar 
Nettopp dei frivillige organisasjonane og engasjerte privatpersonar kan vera nøkkelen til å sikra både kartlegging, samling og ikkje minst dokumentasjon av dei store mengdene bevaringsverdig materiale som truleg finst. 

Dette var eit av hovudpoenga til leiaren av Norsk etnologisk gransking - Audun Kjus. I sitt foredrag tok han til ordet nettopp for det som er vår hovudsak: Eit senter for munnleg historie.
"Men vi trenger også en sentralinstitusjon for muntlig historie i Norge, et SSB for kvalitative data, et riksarkiv for intervjuer - et nasjonalbibliotek for muntlig historie." 
 Bjørn Enes og Efraim Kanestrøm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar