onsdag 6. mars 2019

Alt nå anar me to konturar

Den såkalla tenketanken som om nokre veker skal legga fram eit eller fleire gjennomtenkte forslag til et senter for munnleg historie i Bergen, kom saman for fyrste gong i går, tirsdag 5. mars. Etter to og ein halv times engasjert diskusjon gjekk me frå kvarandre med to vage bilete i hovudet.  Det eine likna mest på dette: 





6. mars 2019 - av Bjørn  Enes

Refleksjon er betre enn referat.

Det er i alle fall mitt syn. Heller enn pinleg nøyaktig loggføring av alt me snakka om, er eg tilhengar av tilbakeblikk med kommentarar som dei andre deltakarane kan supplera og korrigera - eller reflektera vidare på.

For å ta til med slutten: Me anar alt no konturane av to ganske ulike strategiar - i alle fall når det gjeld storleik og vanskeligheitsgrad på det me skal foreslå.

A: Eit lite Alternativ
Det kan byggast opp eit senter i Bergen som kan sikra sikra minst fylgjande oppgåver:

  • Gjennomføra ei kartlegging av eksisterande opptak med munleg historie i frivillig og privat sektor, for å supplera den kartlegginga som Nasjonalbiblioteket held på med i forhold til arkiv, bibliotek og musé.
  • Arbeida politisk for å få midler til å digitalisera og langtidslagra det som er bevaringsverdig av dette materialet.
  • Utvikla kompetansetenester som kan hjelpa både frivillige og profesjonelle organisasjonar/verksemder med opplæring og kompetansestøtte, både når det gjeld intervjuinnsamlingar, dokumentasjonsarbeid og formidling.
  • Utvikla ein infrastruktur som gjer det enkelt for frivillige organisasjonar og einskildpersonar å ta del i intervjuinnsamlingar, dokumentering av munnleg kjeldemateriale og formidling av munnleg historie.
  • Utvikla ein fagleg diskurs i kontakt både med historikarar, kulturvitarar, samfunnsvitarar, mediefag, kunstfag, arkiv-, bibliotek- og museumssektoren - og ikkje minst frivillige organisasjonar og einskildpersonar innan historie, kulturvern og folkeleg forteljarkunst.
  • Initiera ein debatt og ei avklaring av etiske problemstillingar og prinsipp for personvern og ytringsfridom Det er ein fare for at viktig historisk kjeldemateriale går tapt på grunn av regelverk som er laga av omsyn til personvern. Samtidig er det påfallande forskjellar i regelverka innan forskning (SND), Arkivverket (Arkivloven), Museumssektoren (ICOM), media og kunst (Vær Varsom-plakaten). I tillegg kjem Datatilsynet og fotoloven. Mange innarbeidde regelverk kan trenga ein ny diskusjon på grunn av at digitalisering og delingskultur har andre gamle føresetnader.
  • Beredskap: I tillegg trengs det ei forankring av ein beredskapsfunksjon som kan rykka ut og sikra munnleg kjeldemateriale ved hendingar som gjer at ting endrar seg fort. Det har stor verdi å dokumentera endringane i forteljingane rundt store hendingar nærast time for time.
  • Ufortalde forteljingar: Ein kan tenkja seg at eit slikt senter skal arbeida konkret med intervjuinnsamlingar. Det går også an å tenkja at det skal prioritera å vera ein støttefunksjon til andre som samlar inn (musé, historielag, forskarar etc). Uansett vil det truleg vera ei oppgåve for eit slikt senter å jobba med innsamlingar som det elles er vanskeleg å få inn, så som livsforteljingar frå stigmatiserte grupper av ulike slag.

B) Eit stort alternativ:
Ein skal ikje diskutera desse tinga så lenge, får ein ser behovet for å avklara dei store strukturane i det norske kulturvern og kjeldeforvalting. Det kan sjølvsagt føra ut på viddene å gå laus på strukturar som er del av sjølve den kulturelle ryggraden i samfunnet. Men det kan også vera forløysande. Me gjekk i alle fall i gang med å peika ut fylgjande problemstillingar:

  • Bør kjeldeforvaltinga omorganiserast i Noreg, slik at i alle fall munnleg historie (som krever stor datakraft) vert samla i ein arkivinstitusjon, i staden for å vera spreidde mellom Nasjonalbibliotek, Riksarkiv, Riksantikvar/museumssektoren og Universitets/Høgskule/forskingssektoren?
  • Bør det også av andre grunnar etablerast eit sterkt fagmiljø med fokus på primærkjeldeforvalting og -forsking? Det vert hevda at “tellekantroblemet” trugar kvaliteten på forskinga og fører til redusert interesse for primærkjeldesamlingar generelt og kulturhistoriske samlingar særskilt, og at eitt sterkt fagmiljø vil kunne motvirka dette.    
  • Spesialsamlingane i Bergen peiker seg i så fall ut som staden å lokalisera eit slikt senter på. Noverande bygningsmasse er alt sprengt, så det må uansett reisast ein diskusjon om vegen vidare fram etter at både språksamlingane og det felles digitalarkivet for dei kulturhistoriske samlingane skal samlokaliserast der.
  • Eit senter for munnleg historie kan vera ein naturleg del av eit slikt nasjonalt kulturhistorisk senter. MEN: Det kan også vera i tråd med ny (internasjonal) fagterminologi å definera heile dette kulturarvsfeltet som “oral history” eller “munnleg historie” eller “Folkeminne”
  • Ein slik ny-definering av eit stort, immaterielt kulturarvsfelt vil også gjera det naturleg å utarbeida, definera og forvalta ein “fellesetikk” for dei ulike kodane som vert praktiserte i dag. Kan hende bør også SND vera ein del av eit slikt senter?  
  • Denne siste “store” modellen er meir radikal og omfattande, både fagleg, økonomisk og organisasjonsmessig. Men likevel kan den vera lettare å finne gjennomslag for, av di det kan visa seg enklare å vinna brei og ikkje minst folkeleg støtte til ein “stor” modell.



På fyrste møte i tenketanken, var desse med:

Oddvar Skre, Gry Bang Andersen, Efraim Kanestrøm, Hannah Kloster, Bjørn Enes og Line Grønstad,. Mette Bøe Lyngstad var forhindra -


Me vil leita høgt og lågt:
Vidare framover i prosessen vil  Bjørn Enes og Efraim Kanestrøm ta ny kontakt og gjennomføra samtalar med alle ei som var med på møtet hos Byråden den 31. januar. På den føresetnaden at me får midler til det, vil me i tillegg gjennomføra samtalar i Oslo med dei relevante institusjonane. Me ynskjer også at heile tenketanken skal få høve til å reisa til Oral History Society sin årskonferanse i Storbritania 5 og 6 juli, det gir eit framifrå høve til å møta framståande fagfolk på dette feltet frå Storbritania særleg, men også frå resten av den engelsktalande verda.

Me vil også invitera fagpersonar til Bergen. 26. april har me alt invitert Rachel Seidman som er leiar av Southern Oral History Program i North Carolina, USA. Det er eit stort senter for munnleg historie, også etter amerikanske forhold. Ho er innom Bergen i samband med ei studiereise, og me har fått henne til å bruka ein del av si tid her på ein workshop med oss. Alle som var på møtet hos Byråden vil også bli invitert til det møtet. Påmelding her.

Ein open prosess
Det er enno litt tidleg å peika ut ein sluttdato for denne prosessen. Men me er svært motiverte for å rekka ein avsluttande workshop tidleg i haust, kanhende alt i august. Denne artikkelen vil vera prosjektskildringa i ein søknad om utviklingsmidler frå Bergen Kommune. budsjettet vil omfatta arbeidstimar til utgreiingsarbeidet, reisekostnader til Oslo og til den nemnde konferansen i Storbritania. Tempoet i framdrifta vil sjølvsagt også bli bestemt av utfallet av søknaden.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar