Fordelen med å skriva
refleksjonar framfor samtalereferat under forprosjekt Senter for
munnleg historie, er at me heile tida kan tenkja framover.
Samtalane kan vera reelt opne og uformelle, utan at me treng
tenkja på kva som “kjem i protokollen”. Me kan ha idéutviklinga
i fokus, i staden for finjusteringar av kven som sa kva i førre
runde.
I dag vil eg reflektera
om desse tre svært ulike men viktige stikkorda: Etikk, relevans og
finansiering.
Frå forteljarpanel om ekplosjonen på Vågen. Frå venstre: Åshild Lerøy, Nils Audun Vassenden, Ludvig Myrland, Bjørn Enes (samtaleleiar) Eli Eustice, Grethe Sangolt, Ellinor Johannesen og Ørnulf Aase. Foto: Memoar)
Etikk:
Arbeidet med munnleg
historie synleggjer at ulike fagmiljø har ulike etiske kodeksar for
arbeidet med munnlege kjelder. Eksempelvis legg forskingsetikken
så stor vekt på personvern at det av mange blir oppfatta som
ein hovudregel at munnleg kjeldemateriale skal transkriberast,
anonymiserast og slettast, medan presseetikken legg så stor
vekt på ytringsfridom og opphavsrett at anonymisering berre er
“lovleg” i heilt særlege tilfelle.
Knut Kjeldstadli
kommenterte dette slik i sin artikkel “Mnemoteket”
frå januar 2018:
“I dag forstås det ofte i samfunnsfagene slik at intervjuene skal slettes etter bruken. Dermed utvisker vi større deler av samfunnets hukommelse. I stedet for sletting, må vi finne ordninger bygget på tidsgrenser (som ved folketellinger), klausuler for bruk og regler for særlig følsomme data.”
Etikkdiskusjonen er eit
veldig godt døme på at ulike fagmiljø treng å snakka saman - og
helst arbeida saman. Samfunnets “kollektive minne” har ikkje råd
til å sjå på munnleg primærkjeldemateriale som
“eingongsmateriale” i ei tid der det ikkje lenger er noko problem
å ta vare på det. Ei heilt sentral oppgåve for eit senter for
munnleg historie vil vera å utvikla eit samtykkesystem som gjer det
mogleg for folk å bidra med sine eigne ord både til forsking,
formidling, deling og kunst.
Relevans
Dei verksemdene som i
utgangspunktet vart inviterte til å diskutera idéen om eit Senter
for munnleg historie i Bergen var frivillige historie- og
kulturvernorganisasjonar, bibliotek, musé, arkiv, teater,
mediesektoren, universitets- og høgskulemiljø pluss Bergen Kommunes
fagavdeling for kunst- og kultrurutvikling. Så langt i prosessen
(15.mai 2019) ser interessentlista ut til å vera den same, sjølv om
engasjementet varierar.
Under workshop’en hos
byråd Andersland den
30. januar vart det ytra ynskje om å tenkja tre
ulike alternativ for framdrifta: Eit lokalt senter for Bergen, eit
regionalt senter for Vestland Fylke - og/eller eit nasjonalt senter
for Noreg. Det har blitt naturleg å tenkja sistnevnte alternativ
fyrst, av di det skjer så mykje rundt i landet denne våren (sjå
for eksempel om Arkivmøtet).
Ei liste over problem
som kan løysast ved å etablera eit senter for munnleg historie kan
sjå slik ut:
- Plasering av ansvar for ei ny kartlegging og plan for digitalisering av audiovisuell kulturarv på forgjengelege media i frivillig sektor og privat eige. (Nasjonalbiblioteket avsluttar i desse dagar si kartlegging av det same i ABM-sektoren).
- Plassering av ein arkivfagleg administrasjon av det felles, digitaliserte arkivet for Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking, Etnofolkloristisk arkiv, Samiske samlingar og Skeivt arkiv. (Ein felles digitaliseringssøknad er under behandling)
- Etablering av eit kurs- og kompetansesenter for munnleg historie (oral history) som kan tilby metode- og etikkkurs for forskarar, studentar, stipendiatar, fagmiljø i ABM-sektoren, undervisningssektoren og frivillig sektor - og formidlingskurs for forteljarar.
- Eit ressurssenteret for samarbeid mellom frivillig sektor og ABM-sektoren. (Memoar er i ferd med å bygga opp ei slik teneste, og vil kunne la den bli ein del av Senter for munnleg historie).
- Samlokalisering med prosjektarbeidsplassar for forskarar, stipendiatar, masterstudentar, kunstnarar og andre som arbeider med munnleg kjeldemateriale.
- Kunst: Slektskapet mellom folkeleg forteljarkultur, munnleg historie og teater/litteratur/filmkunst er nært. Idéen om korleis dette kan koma til uttrykk i eit senter er førebels berre vag, men eg trur dette vil bli klårare.
- Forretningsutvikling: Munnleg historie vil utan tvil vere ein “markinad” for frilansarar med kompetanse innan journalistikk, historie, folkloristikk eller kunst. Ein konkret diskusjon om entreprenørskap bør også vera ein del av forprosjektet.
Finansiering
Til sjuande og sist
kokar alt utviklingarbeid ned til spørsmålet om pengar. Og pengar
er som regel politikk.
Før denne diskusjonen
kan bli konkret, må me vita kva eit senter for munnleg histoire vil
kosta. Og før me kan rekna pris, må me ha klart for oss kva det
skal innehalda. Fram til då, kan me “berre” tenkja prinsipielt
og strategisk.
Tredeling: Noverande
kulturminister vil ha desentralisering. Eit av dei tydelege signala i
Kulturmeldinga er at nasjonale institusjonar må vera spleiselag
mellom dei tre regionale nivåa - stat, fylke og kommune. Dette er
eit viktig signal i vår samanheng. Det betyr mellom anna at me
uansett nasjonalt, regionalt eller lokalt senter må tenkja tredelt
finansiering og politikk og søknadsstrategi. mot alle dei tre nivåa.
Lokal strategi:
Bergensidentiteten har eit sterkt innslag av forteljarkultur og
-tradisjon. Å gjera Bergen til “hovudstaden for munnleg historie”
bør vera eit godt argument i lokal politikk.
Regional strategi:
Identitet er også viktig for Vestlande Fylke, som er ein ny (eller
nyleg gjenoppstått) identitet. Men i tillegg er det ein fordel i
vårt tilfelle at Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er eit av landets
mest markerte fagmiljø innan digitalarkiv og fromidling av
audiovisuell kulturarv.
Nasjonal strategi: Både
innan digitalisering og innan immateriell kulturarv bles det sterke
vindar for tida. I nasjonal samanheng kan det vera avgjerande å vera
på offensiven. Det er lettare å flytta pengar enn å finna
nye. Omorganisering kan derfor vera eit nøkkelord i
rikspolitikken, sjølv om det også kan skapa konflikt. (Nokon mistar
også noko når noko blir omorganisert).
Private midler:
Personleg meiner eg (Bjørn Enes) at eit senter for munnleg
historie må vera forankra i offentleg sektor. Eg meiner det er ei
offentleg oppgåve å forvalta kulturarven og å sikra den kulturelle
infrastrukturen i samfunnet - og eit Senter for munnleg historie må
vera ein del av den.
Men privat sektor bør
inviterast med i heile skogen av prosjekt som bør blomstra rundt
eit slikt senter. Det kan vera samarbeidsprosjekt med frivillig
sektor, kurs- og opplæring, ulike tematiske og /eller geografiske
innsamlingsprosjekt med meir.
Eit slikt senter kan
også velgja å bygga opp eller samarbeida med eining(ar) som
utviklar munnleg historie som kommersiell teneste. Eksempelvis kan
det vera aktuelt å tilby innsamling av munnleg bedriftshistorie til
private verksemder.
Bjørn Enes - 15. mai
2019.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar