tirsdag 5. februar 2019

6. feb 2019: Mykje blir til medan ein går. Ikkje berre vegen.

Sist veke, på torsdag 31. januar, sat 20 menneskje samla rundt kulturbyråden i Bergen, Julia Andersland.  Me har fått eit innspel, sa ho. Om at eit senter for munnleg historie kan vera fint å ha i Bergen.  Så vil me gjerne høyra meiningar om det?

Me hadde vel høgst ulike bilete oppi hovudet, alle me som sat der. Mitt var omlag som dette: Ei scene der det verkelege livet til såkalla "vanlege folk" kan koma til syne og bli tatt vare på i ein og same operasjon:

(Biletet er tjuvlånt frå nettsida til det såkalla verdsforumet i Haag)

La meg skunda meg å fortelja at eg, det er Bjørn Enes. Eg var ein i forsamlinga rundt Andersland av di eg er leiar i Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie.  Heilt i slutten av møtet vart Memoar oppmoda til å ta eit initiativ for å føra diskusjonen vidare - og dette du nå held på å lesa er fyrste lekkje i det initiativet.

Tre slags folk
Dei andre var frå arkivsektoren - Bergen Byarkiv og Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen og Skeivt Arkiv. Og dei var frå museumssektoren - Bymuseet og Sjøfartsmuseet. Og dei var frå Bergen off. Bibliotek.  Så var der nokre frå akademia, frå Universitetet i Bergen (Kulturvitskap) og frå Høgskulen på Vestlandet. Kunstnarisk leiar ved Hordaland Teater var der, inkubatorleiaren i Bergen Media City var der, og nokre historielag (Memoar er også eit historielag). Og så var der  ei lita handfull av medarbeidarar i Fagavdeling for kunst og kulturutvikling i Kommunen. Og så politikarane då, Andersland og rådgjevaren hennar, Tallak Rundholdt.

Det var på ein måte tre slags folk: Nokre med fokus på å samla og forska, nokre med fokus på å formidla eller "vidareforedla" - og nokre med fokus på administrasjon og utvikling av Bergen By. 

Idéen
I og med at det fyrste initiativet kom frå Memoar, fekk eg lov til å gi ein kort presentasjon av ideen. Eg hadde ein lysbildeserie i lomma. Men der og då var me i snakkestemning, så det vart aldri bruk for den. Her kan han kanskje passa betre for den som måtte vera interessert: 



Hovudpoenget var slik: Først trudde  me, og no veit me at det er ei veldig interesse landet rundt for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst formidla folk sine forteljingar om levd liv. Det er særleg erfaringane frå prosjektet "Krafttak for munnleg historie"  som har gjort oss i Memoar så sikre på dette. 

Der er ein del frustrasjon på feltet, for utviklinga i Noreg heng ein god del etter land som Storbritania, USA eller den spansk-språklege verda. Me har ikkje noko offentleg arkiv som systematisk tek vare på munnleg kjeldemateriale, me har inga systematisk fagutvikling eller fagleg diskurs på feltet, ikkje noko tidsskrift, inga formalisert utdanning - og inga finansieringsordning. Me har ikkje eingong nokon avklart etikk. 

Me har tre ærverdige institusjonar med lange tradisjonar med å samla inn skriftleg dokumentasjon på "historie nedanfrå".  Norsk Folkeminnesamling (NFS) vart etablert i 1914, og har røter heilt attende til nasjonalromatikken, Asbjørnsen og Moe og Ivar Aasen. Norsk etnologisk gransking (NEG) vart  etablert i 1946 - opprinneleg for å samla dokumentasjon om gjenstandane som var samla i Norsk Folkemuseum. Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) var i funksjon frå 1956 og blei i 2017 ein del av Nasjonalbiblioteket. Særleg FMS og NEG har vore drivande i utviklinga av den nye bylgja på dette feltet - men begge er også hardt ramma av innskrenkingar dei siste åra.

Men at  noko manglar, betyr og at det finst  moglegheiter for den som er frampå. Det kjem til å skje mykje på dette feltet. Vår idé er at viss det finst  tverrfaglig og tverr-institusjonell interesse for at det som kjem skal koma til Bergen,  då  har me ein gylden sjanse til å gripa initiativet nå! 

Ballar i lufta
Eg må vedgå at det var moro å snakka der. Men eg trur eg klarte å fatta meg nokonlunde i kortheit. Og det var endå meir moro å høyra på runden som fylgde! 

Eg tar ikkje sjansen på å referera alle som hadde ordet. Det er så fort å bli unøyaktig - eg noterte ikkje flittig nok. Men mitt hovudinntrykk var slik: 

Museumsektoren: Der er lange og gode tradisjonar med å arbeida med munnlege kjelder, også i Bergen. Men det har ofte vore frå prosjekt til prosjekt. Infrastruktur for langtidslagring har mangla, og både fomalitetar, infrastruktur og tradisjon har  ført til at det har vore lite gjenbruk av munnlege kjelder. Lyd- eller videoopptak er ofte gjort til ei konkret utstilling, og etterpå har dei blitt liggande usustematisert i magasin. 
Så ja - eit senter for munnleg historie som både kan arbeida systematisk med infrastruktur og kompetanseutvikling er ein god ide. 

Arkivsektoren: Skeivt arkiv  er ein av hittil to nye institusjonar i Noreg der oralhistorie er eit houvudelement. (Den andre er 22.julisenteret i Oslo).  Det er såleis eit viktig kompetansemiljø, både når det gjeld arkivfag, forsking på munnlege kjelder og samarbeid med frivillig sektor. Bergen har frå før eit svært tungt kompetansemiljø innan kulturhistoriske arkiv - ikkje minst etter at Språksamlingane vart flytta til Bergen.  Å bygga vidare på dette miljøet med eit senter for oralhistorie / munnleg historie er ein god ide også frå ein arkivfagleg synsvinkel. 

Biblioteksektoren: Ogå biblioteka har lange tradisjonar når det gjeld å samla og formidla munnleg lokalhistorie i form av intervju og filmopptak. Det er eit evig problem å sikra avspelingsutstyr etter kvart som format blir utdaterte. Dette er no på bedringas veg, i og med at Nasjonalbiblioteket har fått i oppdrag å kartleggja og førebu digitalisering av slikt. Men då er det også på tide å løfta dette materialet frå tilfeldige enkeltopptak til meir systematisk formidling. Det er eit argument for eit kompetansesenter. 
Biblioteket har og samla ein del erfaring med å ha eit intervjustudio. Det må framleis kallast utprøving det som skjer rundt dette studioet, for det må driftast med frivillige ressursar og dei er det ikkje nok av til at det kan bli snakka så høgt om tilbodet. Men viss Bergen får eit senter for munnleg historie, vil jo slike intervjustudio kunne bli drifta derifrå. Det vil truleg kunne gjera denne typen kulturarbeid viktigare for alle biblioteka i Bergen.   

Akademia: UiB har lange og stolte tradisjonar innan det som før heitte Folkeminnevitenskap, og no er samla under paraplyen Kulturvitskap. Mellom anna har UiB sitt store Etno-folkloristiske arkiv, som langt på veg kan leggjast inn undere definisjonen "munnleg historie". Historikarane har til no ikkje hatt same interesse for munnleg kjeldemateriale. Internasjonalt har oral history utvikla seg som ein mellomting mellom faga historie og folkloristikk, og det er unaturleg at ikkje Noreg har eit curriculum for denne fagretninga. Eit senter for munnleg historie vil vera interessant både for fagmiljø og studentar - i alle fall på Kulturvitskap. Truleg vil det også vera interessant for fag som historie og journalistikk. 

Kunst og fomidling: Høgskulen på Vestlandet har ei utdanning som grensar nær opp til munnleg historie, sjøl om den har sitt utgangspunkt i drama og teaterfag. Medvitet om at munnleg forteljarkunst heng nøye saman med munnleg kultur i "det verkelege liv" er høg, og sett får dette fagmiljøet vil eit senter for munnleg historie både vera interessant på feltet innsamling/dokumentasjon og på feltet formidling. 

Interessene både til Hordaland Teater og til Bergen Borgerscene  er parallelle med dette. Den regionale forteljarkulturen er eit viktig "råstoff" for kunstproduksjon. Og det å finna måtar å dyrka og styrka denne forteljarkulturen kan vera eit veldig godt argument for å oppretta eit senter for munnleg historie, sett frå teaterhald. Forteljarkurs kan vera ein måte å dyrka og styrka på.

Næringsutvikling: I denne tidlege  fasen vart det ikkje kasta konkrete forretningsidear  fram på bordet. Men det vart peika på at det kan oppstå ting rundt eit senter for munnleg historie som også kan vera økonomisk interessante, både på feltet medieteknologi og på feltet formidling / publisering. Det høyrer jo med til dette biletet at den internasjonale oral history-rørsla i seg sjølv er ein global nisjemarknad for den som klarar å knekke dei rette kodane. 

Frivillig sektor: Det "folkelege" aspektet ved munnleg historie er eit svært viktig særtrekk i forhold til mange andre former for kulturarv. Slike former for "citizen science" som har blitt utvikla innan mange naturvitskapar dei siste åra, har ofte blitt etterlyste innan humaniora. Munnleg historie  er eit svært nærliggande felt å tenkja på i ein slik samanheng.  Noreg har eit stort og aktivt organisasjonsliv innan historie og kulturvern, og kapasiteten kan visa seg å vera veldig stor, viss organisasjonane får tilbod om kurs, infrastruktur og fagleg støtte frå eit senter for munnleg historie. 

Eit politisk spørsmål
For min del hadde eg på førehand håpa at nokon av dei andre inviterte ville stadfesta at ideen om eit senter for munnleg historie kunne vera ineressant også for dei. Dette håpet var overoppfylt!

Men ein ting er å teikna luftslott. Noko heilt anna er å bygga etter teikningane. 

Det blir eit politisk spørsmål. Og før spørsmålet blir poitisk,  må det lagast handfaste teikningar. 

Det var omlag her at kaffikanna vart tom og ballen vart send attende til oss i Memoar: Lag eit utviklingsprosjekt, gjennomfør det - kom tilbake med konkrete "teikningar" - Så skal alle me som sit rundt bordet seia ja eller nei til å  stilla oss bak.  Og så startar den politiske kampen!

Me tok ballen. Denne bloggen er som sagt det fyrste me gjer. Vil du fylgja med, så heng på her. 

Og: Vil du vera med på å bygga dette fagmiljøet fra scratch, så sett av fredag 1. og laurdag 2. mars til å bli med på Memoarkonferansen. Etter den er du truleg fullt oppdatert på korleis oral history fortonar seg i Noreg akkurat no.   Så tar me det derifrå!

4. februar 2019 - Bjørn Enes, Memoar.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar