Det
landsomfattande prosjektet «Munnleg historie for alle» kjem til å få to millionar kroner årleg i tre
år frå Sparebankstiftelsen DnB. Pengane skal brukast til å gjennomføra kurs,
opplæring og annan kompetanseutvikling om munnleg historie. Hovudansvarleg for
gjennomføringa blir Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, som har
sin base i Bergen. Fagleg blir arbeidet forankra i Norsk Folkeminnesamling (NFS)
ved Universitetet i Oslo. I tillegg blir Norsk etnologisk gransking (NEG) ved
Folkemuseet på Bygdøy, både teknisk og
fagleg samarbeidspartnar.
Frå "forprosjektet" i 2018, på kaia i Hammerfest. Audun Kjus frå NEG, Bjørn Enes frå Memoar og Line Esborg frå NFS. |
Munnleg
historie er systematisk innsamling, dokumentering, arkivering og formidling av
munnleg primærkjeldemateriale til både kultur-, sosial- og allmenn historie. Det
er eit felt som er svært godt eigna for samarbeid mellom institusjonar og
frivillige, og det er fremjing av slikt samarbeid som er hovudformålet med
prosjektet.
Historielag
og andre frivillige organisasjonar som vil samarbeida med musé, arkiv eller
andre kulturinstitusjonar om munnleg historie, kan nå få så godt som gratis
hjelp til å koma i gang. Det vil bli bygd
opp eit ressurssenter i Bergen som får heile landet som arbeidsfelt. Leiar der
blir Line Førre Grønstad, som er kulturvitar med bakgrunn frå Norsk etnologisk
gransking og UiB. (Ho er i innspurten av
sitt doktorgradsarbeid, og fram til ho har disputert vil Bjørn Enes, leiar av
Memoar, vikariere for henne som prosjektleiar). Ein styringskomite vil ha den
overordna leiinga – og leiar der vil vera Line Esborg som er fagansvarleg for
Norsk Folkeminnesamling. Prosjektstart blir 1. august 2019.
Memoar er
med i arbeid for eit Senter for munnleg historie, saman med ei rekke andre interessentar
i Vestland fylke. Dersom det arbeidet før fram, er intensjonen at «Munnleg
historie for alle» skal gå inn som ein del – kan hende eit «fyrste byggetrinn» -
i eit slikt senter.
Memoar er
også med i utviklinga av i ei satsing på munnleg historie i regi av Landslaget for lokalhistorie. Også
dette vil kunne samordnast med prosjektet «munnleg historie for alle».
Heile
prosjektskildringa er publisert på nettadressa www.memoar.no/folkeminnet. Der vil også
oppdatert informasjon bli publisert gjennom prosjektperioden.
21/6-19: Bjørn Enes