Det vart ein
ubetinga suksess for fyrste utgåve av Hordaland Teater si nye satsing på
folkeleg forteljarkunst. Torsdag 23. mai (2019) var seks historieforteljarar
inviterte til å framføra kvar si åtte minutt lange historie. Tre av dei fekk
fortelja i tre minutt til. Og «Hilde» vart kåra som vinnar.
("Hilde" vann - "Alf " måtte sjå seg slått - Christine Hope delte ut fyrstepremien, eit innramma bilete av Ivar Aasen...)