Me i Memoar har tenkt litt og snudd og vendt litt på tidlegare erfaringar med idé- og prosjektutvikling, og endt opp med ei skisse basert på det japanarane kallar ei "Gemba-vandring". Det er omlag det same som amerikanarane kallar "management by wandering around", bortsett frå at her handlar det ikkje om administrasjon, men om å tømra ein laus idé om til eit konkret forslag.
Våren 2019 samarbeider ei rekke personar og verksemder i Bergen om å utvikla idéen om eit senter for munnleg historie. Denne bloggen er prosjektleiaren si "dagbok".
onsdag 13. februar 2019
tirsdag 5. februar 2019
6. feb 2019: Mykje blir til medan ein går. Ikkje berre vegen.
Sist veke, på torsdag 31. januar, sat 20 menneskje samla rundt kulturbyråden i Bergen, Julia Andersland. Me har fått eit innspel, sa ho. Om at eit senter for munnleg historie kan vera fint å ha i Bergen. Så vil me gjerne høyra meiningar om det?
Me hadde vel høgst ulike bilete oppi hovudet, alle me som sat der. Mitt var omlag som dette: Ei scene der det verkelege livet til såkalla "vanlege folk" kan koma til syne og bli tatt vare på i ein og same operasjon:

(Biletet er tjuvlånt frå nettsida til det såkalla verdsforumet i Haag)
Abonner på:
Innlegg (Atom)